Deltakande nærvær
Mei-mei Berssenbrugge skriv fascinerande amerikansk samtidspoesi.
Mei-mei Berssenbrugge vart fødd i Beijing i 1947, men er busett i New York og New Mexico.
Foto: Kelly Writers House
DIKT
Mei-mei Berssenbrugge:
Hallo, rosene
Gjendikta frå engelsk til norsk av Jørn H. Sværen. Kolon forlag
Diktboka til den kinesisk-amerikanske poeten Mei-mei Berssenbrugge kan ein sjå på som ei langsam mediterande og oppmerksam vandring i skogen, jamvel om det finst éin avstikkar til den urbane moteverda. Her møter ein lauvfroskar, roser, fjell og dammar, altså ein rik flora og fauna.
Det fyrste som slår ein ved diktboka med den flotte tittelen Hallo, rosene, er at språket ikkje er poetisk eller typisk naturlyrisk. Språket lengtar heller ikkje, det registrerer og undersøkjer derimot nøye innhaldet i sanse- og fenomenverda. Dikta er sobre og realistiske, for dei påkallar ikkje utopiske og metafysiske storleikar. Dei plasserer seg midt i verda, lèt henne utfalde og spegle seg i mangfaldige kombinasjonar og samband. Trass i at språket kan verke distansert, er diktboka gjennomsyra av ei grunnleggjande omsorg for eksistensen og for omverda.
Å trengje inn i det lyriske universet til Berssenbrugge er ikkje nødvendigvis lett, men om ein les langsamt og frigjer seg frå vanetenkinga, hjelper det. Forma, tidvis også eit vitskapleg vokabular med somme abstrakte og teoretiske setningar, kan vere krevjande. Berssenbrugge høyrer til den såkalla L=A=N=G=U=A=G=E-rørsla i den amerikanske poesien. Ho har røter i 1960- og 1970-åra, og sjølv om rørsla ikkje har noko felles program, er poetane opptekne av korleis tyding vert skapt i språket, og distanserer seg frå eg-lyrikken. Enkelt sagt tek desse poetane på alvor at ein i litteraturen ikkje får presentert sjølve kjenslene, men teikna som står for dei.
Når ein les om myr, innsjøar, måne, mus og tre, handlar det ikkje berre om desse fenomena i seg sjølv, men om alle sambanda som opnar og strekkjer seg mellom dei og menneska. Dikta utløyser eit ekspanderande nettverk av tydingar, som formeleg skyt seg ut og koplar seg i stadig fleire retningar. Det gir ei sterk kjensle av rom, av noko som held fram med å spreie seg ut framfor lesaren.
Dette speglar seg i forma. Dikta er oppdelte i klart skilte segment og samansette av fleire delar. Mellom dikta og delane lyser det, under lesnaden, opp stadig nye trådar og liner. Det fortonar seg uvant, men det er fascinerande med ein poesi der ein får kjensla av at poesien hender rett framfor auga på lesaren.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta uløyser eit ekspanderande nettverk av tydingar.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.