JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Då venstre-sida vart
opportunistar

Kva har ført til at venstresida no lèt høgresida dominere over dei gamle sosialistiske kampsakene?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Espen Goffeng.

Forfattar Espen Goffeng.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

4532
20171208
4532
20171208

Sakprosa

Espen Goffeng:

Vikeplikt for høyre. Venstresidens trøblete møte med multikulturen.

Kolofon 2017

Vikeplikt for høyre representerer ein hybrid teksttype vi burde sett langt oftare i Noreg: ei veksling mellom eller blanding av refleksjonsessay, pamflett, reportasje, intervju, skildring og forteljing. Skrivemåten gjev perspektiveringar. Vi vert kjende med måten skrivaren grublar, arbeider og diskuterer med folk og seg sjølv på. Dette er på mange måtar førebiletleg for det fagplanane seier at skuleelevar skal lære seg å meistre i tale og skrift: ein balanse mellom patos (kjensler) og logos (sakleg orden) som fremjar etos (opplevinga av truverde). Alle som kjenner seg vaksne nok til den slags, vil ha glede av å opne denne boka.

Klok strategi

Goffeng moraliserer ikkje, men vel ein klokare strategi med å syne kva som har hendt med kjernesaker på venstresida. Såleis: trass i mange tiltak frå borgarleg side for kvinnefrigjering, vart kvinnerørsla og feminismen før ei klår venstrepolitisk sak, der kvinner gjekk i spissen og menn fylgde med i ei av dei mest omfattande rørslene med størst politiske endringar i nyare tid.

Ingen treng lenger å krangle om slike anekdotiske eller vimsete døme på kven som har forsvara kva og korleis mangt har gått under radaren. Goffeng har kort og godt gått igjennom hundrevis av avisartiklar og andre dokument, og konstaterer at vel, unnatak finst, men stort sett har kvinnesaksverdiane drukna i iveren etter å ynskje mangfaldssamfunnet og alt som vert importert med det, velkome. Til dei grader at ein finn støtte for kvinneleg omskjering mellom kvinner på venstresida.

Kulturkonfliktar

Goffeng hintar om grunnar til at ein har gjeve opp verdiarven frå Opplysningstida. Sjølv trur eg at då arbeidarklassen i klassisk forstand smuldra opp, trudde venstresida ho kunne få nye veljarar ved å overoptimistisk utnemne reaksjonære grupper til antiimperialistar, kapitalismekritikarar og modernismeskeptikarar. Slik fann dei alliansepartnarar især hjå muslimske grupperingar med hang til islamisme. Opportunismen kom i staden for sosial tenking om politikk for arbeid, familie, kultur, religion og deltaking. Rett nok synest eg Goffeng er urettvis når han gløymer folk som Gunnar Skirbekk, Ottar Brox og andre som i mange år har åtvara mot ei utvikling der vi sluttar å kjempe for demokrati og humane verdiar, mellom anna i Dag og Tid.

Til gjengjeld syner Goffeng at Thomas Hylland Eriksen, som er så utskjelt på ei høgreside som reknar han nærast som ein antikrist som kallar inn hylande hordar til landet, også i mange år har analysert og åtvara mot kulturkonfliktar. Goffeng får godt fram at i polariseringa mellom ytterfløyane – dei som er for opnast mogleg grenser og dei som er for mest mogleg grensestenging – har ikkje dei tradisjonelle politiske grupperingane kome nokon veg.

Den strengaste høgresida har fått stå som forvaltarar av svara, likevel, sidan venstresida har nøgd seg med å reagere på desse. Alternative røyster på venstresida har ikkje nådd fram, i ein sjau der det ikkje handlar om verdien av fakta eller argument, men kva leir ein tilhøyrer. Men dette vil ikkje seie at Goffeng gjev høgresida i norsk politikk æra for å ha dei rette analysane. Snarare syner han med overtydande materiale korleis moderate muslimar, eksmuslimar, skeptikarar og fyrst og sist kvinnene i desse flokkane har reist seg mot undertrykkjande tradisjonar og nektar å få dei importerte hit. Desse gruppene treng støtte frå venstresida, ikkje imamane og koranskulelærarane.

Nytt landskap

Boka gjev oss ikkje berre eit turkart, men syner det nye nasjonale landskapet vårt frå mange vinklar – somtid så vi øygnar surrealismen. Vil så dei Goffeng elskar og manar til ettertanke og aktivitet, nemleg den norske venstresida, late seg påverke? Eg trur dei må vere gjorde av gråstein om ikkje. Om underet skjer, ligg her mange oppslag til dagsordenar hjå Goffeng om korleis venstresida kan skaffe seg ein god kulturanalyse igjen, og nyskape ein politikk for deltaking i sivilsamfunnet. Men, som ein gammal kynisk ven plar seie: «Problemet med opportunistar er at dei aldri veit kva tid det er på tide å slutte med å vere det.»

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka ser det nye nasjonale landskapet vårt frå mange vinklar – somtid så vi øygnar surrealismen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis