JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Blodhemn under breen

Når landet mørknar er ein storfelt og engasjerande roman frå dei norrøne busetjingane på Grønland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tore Kvæven debuterte med ein roman frå vikingtida i 2011.

Foto: Tommy Ellingsen

3692
20180309
3692
20180309

Roman

Tore Kvæven:

Når landet mørknar

Samlaget

Stundom undrar ein seg over kvifor det er så lite folk i dei nordiske landa. Somme trur kan hende det kjem av at for mange amatørar driv med sporten orientering, men om ein les norrøn litteratur, og ikkje minst den nye tilveksten, romanen Når landet mørknar av Tore Kvæven, kjem ein annan hypotese til syne: Forfedrane var for hissige på hemn. Dei drap i eino, nær sagt.

Det er elles ein storfelt og imponerande roman Kvæven her har skrive, frå eit miljø som elles ikkje har dominert litteraturen, nemleg dei norrøne busetjingane på Grønland. Boka tek til med kvalrossfangst i året 1293. Der møter me ungdomen Arnar Vilhjalmsson, og det inntrykket han får av ein del andre personar under jakta, er tydelege frampeik mot det som skal komma. Den trollstore Hûnvarg kjem nok til å verta ein fiende for Arnar, medan andre truleg vert gode allierte. Her dukkar det også opp ei ung jente som teiknar seg så tydeleg i minnet hjå lesaren at ein straks kjenner på seg at ho nok kjem att seinare i soga. Og sanneleg får ein rett!

Kompromiss

I ein historisk roman, endå om han er oppdikta, lyt forfattaren inngå nokre viktige kompromiss. Han må skriva på eit språk som er forståeleg for lesarar i samtida, og såleis kan ein ikkje krevja idiomatisk korrekte vendingar frå Grønland anno 1293. Målgruppa hadde elles vorte heller liten, for Arne Torp er no berre ein, når det kjem til stykket. Likevel er det einaste eigentlege ankepunktet eg har mot boka å finna i noko av ordvalet. Ord som dimensjon, kontur, manøvrera, justert, sirkel, kaos, arena og melankoli bryt noko med føresetnadane og kjennest som uturvande anakronismar. Men slike innvendingar kverv fort når sjølve forteljinga byrjar å rulla, i mange retningar og med dei mest finurlege detaljar.

Her er me ikkje berre hjå Arnar, men stundom i hovudet til ein inuitt som fell i unåde hjå sine eigne etter mislukka knølkvaljakt, me får sjå tankane til ein isbjørn og jamvel ein moskusokse, og her er kvardagsarbeid og lengt og lyst skildra nært og fint, med menneskekunnskap, teknisk og historisk innsikt så vel som vørdnad og empati. Somme stader er det dei mindre naudsynte detaljane som lyfter teksten mest, til dømes når ei kvinne ein stad mot slutten av boka mjølkar ei ku, og tykkjer ille om den kvasse lyden av mjølkestrålen mot botnen i den tomme trebytta, men likar seg betre og betre når strålen berre møter mjølk, eller når ein kar som heiter Gunnar, prøver seg på ein akrobatisk og livsfarleg metode i eggsankinga.

Kulturhistorisk verdi

Boka har stor kulturhistorisk verdi, men først og fremst er ho engasjerande, filmatisk skildra, med appell til sterke kjensler. Stundom kan utfall av kiv verka litt konstruerte, slik at dramaturgien styrer hendingane, som i, og særleg etter, det endelege oppgjeret mellom Arnar og Hûnvarg, men då er Kvæven der med detaljkunnskapane sine og gjer situasjonen plausibel likevel. Romanen vinn kort sagt over veikskapane sine og vert medrivande i ein slik grad at ein gløymer mest alt anna. Her handlar det sjølvsagt om kjærleik og urett, ja, særleg det, for han Arnar vert sett på mange harde prøver, og mot slutten går det slik at ein ikkje får sova etterpå, av di ein vart for opprørd av hendingane. For å seia det på ein annan måte: Gå sta og les! Den oppmodinga går også til filmskaparar, for her finn dei materiale til storverk.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka har stor kulturhistorisk verdi, men først og fremst er ho engasjerande, filmatisk skildra, med appell til sterke kjensler.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis