Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.

Foto: Maria Olivia Rivedal

3104
20241108
3104
20241108

Noveller

Ane Barmen:

Sitka

Gyldendal

Når Ane Barmen vel Sitka som tittel på dei fem novellene ho har samla som «Pøbelgrannoveller», utan at ei einaste sitkagran finst i tekstane, anna enn den notisen det heile startar med, forstår ein at sitka er noko meir enn dette hersens treet som har spreidd seg langs heile kysten. Eg siterer heile notisen: «I tiåra etter andre verdskrigen var det stor utplanting av sitkagran på kysten av Vestlandet, i von om tømmer og ly. I staden overtok ho store område, fortrengde naturlege artar og spreidde seg ut av kontroll.»

I dei fem novellene er det òg noko som er ute av kontroll, velmeinte handlingar som skjer seg totalt og lar personane det gjeld, stå ribba og tomhendte tilbake. I opningsnovella «Nannerl» skal ein 18-åring prøvespele for eit black metal-band. Broren på tolv er med og gir gode råd under øvinga, både når det gjeld tekst og framføring, ja, han fornærmar bandleiaren med artistnamnet Nannerl så grundig at det er takk og farvel.

Depresjon

«Orangutang» handlar om Solveig og Tomas, som er nybakte foreldre. Solveig ønsker seg ei jente, men får ein gut ho ikkje er heilt klar for, og heime frå sjukehuset går ho inn i ein djup depresjon. Ungen blir fortrengd til fordel for Ingvild Bryn og Susanne Sundfør, som ho skal skrive ein musikal saman med. Ei orangutangmor dukkar òg opp, med ungen sin på slep. Realitetsbristen er så total at det endar med innlegging, medisinering og terapi. Det heile er skrive med glimt i auget i eit tragikomisk overlys.

Av fem gode noveller er «Sitka» den beste og mest alvorlege. Ei einsleg mor og to mindreårige med kvar sin far flyttar inn til og flyktar frå den eine mannen etter den andre. Den vaktsame uroa og nervøsiteten til barna er meisterleg skildra, samtidig som lojaliteten til mora også ligg der som noko trygt i alt det utrygge. Tanken går mot Torborg Nedreaas og hennar djupe innsikt i barnesinnet.

Far og son

I «Jage hjort» blir forholdet mellom far og son sett på prøve. Ein tenåring blir litt motvillig med faren på jakt, og utgangspunktet er så dårleg som det går an i eit jaktlag: Han manglar jegerprøven. I tillegg skal han innviast i det maskuline og interne miljøet blant godt vaksne mannfolk, og det er ikkje utan vidare så enkelt når interessene går mot mjukare verdiar.

I den siste novella, «Alt det grå», blir relasjonen mellom stedotter og stemor sett på prøve i ei sorgmunter, poengtert og trist skildring av eit forsøk på å komme kvarandre nærare gjennom ein buhund som er umogleg å ha i hus. Det heile sluttar med ei overraskande vending.

Ane Barmen (f. 1984) frå Vågsøy fekk ein pangstart som forfattar med Bragepris i klassen barne- og ungdomslitteratur for debutromanen Draumar betyr ingenting (2019). Romanen var også innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Den første vaksenromanen Pappa var nesten på Woodstock (2021) fekk òg svært gode meldingar, og med Sitka viser ho til fulle at ho er å rekne blant dei beste i sin generasjon.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis