JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Alle draumane våre

Stina Stoor skriv rikt om fattige forhold.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stina Stoor er ein kritikarrost, svensk forfattar.

Foto: Nasti Roos / Gyldendal

3758
20170616
3758
20170616

Noveller

Stina Stoor:

Bli som folk

Omsett av Geir Pollen
Gyldendal 2017

Dansaren og koreografen Jo Strømgren sa i eit intervju at første gongen han las Forvandlingen av Kafka, gjorde han det på spansk, eit språk han enno ikkje beherska. Då han tykte det stod at Gregor Samsa vakna ein morgon og var forvandla til eit insekt, trudde han ikkje sine eigne auge. Han slo opp i ordboka. Ho kunne berre bekrefte at det var insekt det dreidde seg om. Dette fekk Strømgren til å uttale at ein oftare burde lese bøker på eit anna språk, for då fekk ein eit slags hypermedvit om det som faktisk stod der, framfor å berre dure i veg på sitt eige språk og tenkje: «Insekt, ja, sjølvsagt». No tenkte han: «Insekt! Kor rart er ikkje det

Særeigen klang

Eg tenkjer på dette i møte med svenske Stina Stoors novellesamling Bli som folk. Ho er i Sverige sterkt kritikarrost for denne debuten, og blei nominert til den prestisjetunge Augustprisen for han. Det første som møter lesaren, er ei uventa språkføring. Ein stansar etter nokre få setningar og stussar på si eiga leseevne, eller på om omsetjaren har hatt ein søvnig dag på kontoret. (Eg veit at det er fornærmande å påstå at arbeidet har tatt éin dag, men det er no slik uttrykket går.) Ein må, som Strømgren, setje inn eit konsentrert blikk, gi seg over og stole på det som står der. Då skjønar ein at dette er ein klang særeigen for forfattaren, og at omsetjar Geir Pollen tvert om må ha vore typisk vaken i dette arbeidet.

Det kan låte slik: «Elgsøvnen hadde lukta, som gammelt gress og, og! Noe anna. Sånn, lukta lys natt med fjellvåken i sirkler over.» Eller: «Selv om Fredde, selvfølgelig. Kanskje bak hjørnet bare.» Ein treng konteksten for å femne heilskapen, men eksempla viser den språklege metoden, som gjennom dei ni novellene ofte heng saman med at dei er sett frå eit barneperspektiv; barn tenkjer ikkje alltid i vaksenlogiske språkvendingar. Men det er ikkje alltid forklaringa.

Utsikter og innsikter

Novellene er lagde til eit Bygde-Norrland der dei fleste lever under fattigslege kår. Foreldra klipper håret på barna sjølve, ungane går i avlagde klede, og mora i familien kan byte strikk i trusene framfor å kjøpe nye. Menneska i dette miljøet er gjerne såkalla ressurssvake, noko som nokre gongar kan verke nedslåande, andre gonger romme ein kjærleik som peiker nase til korleis livet er i meir blaserte, urbane strok.

I «Gaven» får vi draumane til ei mor om korleis ein kunne innreia eit forfalle hus, om ein berre hadde pengar til det. Men så handlar det ikkje berre om ein sum pengar. Ein må ha utsikter til dei òg, til eit anna liv, elles er det meiningslaust, og meiningsløysa pregar draumane: Dei blir tomme ord, og den som ytrar dei, blir så tafatt at det i alle fall ikkje kjem til å skje noka endring. Ein vond sirkel. Men barnet kan behalde ein slags optimisme: «Altså om man ikke akkurat like nøyaktig, som hun og jeg da allerede visste, hvordan det egentlig, nesten.»

I «Udyra» går to jenter som bur saman med far sin (som vi først møter på utedoen, med open dør), i ein bursdagsfest der vertane lever mykje finare enn dei. Det er forteljaren, ikkje jentene, som viser oss kor oppsiktsvekkjande feil presangen den yngste kjem med, er, og det er hjarteskjerande.

Ein er overlaten til kvarandre, til familie og vener, uansett korleis dei skikkar seg. Ein kan ikkje utan vidare velje eit anna liv i dette universet. Ein kan ikkje «bli som (andre) folk», men det kan hende ein alt er folk likevel.

Som novellesamling er dette først og fremst uhyre resurssterk litteratur.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis