JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

3634
20240628
3634
20240628

Roman

Mette Karlsvik:

Året har tretten netter

Det Norske Samlaget

Eigentleg tenkte eg at tittelen på denne bokmeldinga skulle vera «Knulla og nulla», som er noko Mette Karlsvik skriv sjølv i romanen Året har tretten netter, som ei rå, men sannferdig oppsummering av den relasjonen som er sentral i boka, men så feiga eg ut, eller fann ein tittel som seier meir om den lengten eg-personen i boka ser ut til å bera på, eit eg som heiter Mette, og som deler biografi med forfattaren.

Mette i boka har eit samlivsbrot attom seg, ho er mor til dottera A, ho mista far sin då ho var ung, ho utvikla anoreksi og slit med etterverknader av lang underernæring. Men ho vil gjerne ha ein ny mann i livet sitt, så ho går på Tinder på mannfolkshopping, og oppdagar mannen M, ein franskmann i Noreg, og eitkvart er det med han som vekkjer kjensler i henne, kanskje det beint fram er at han er ein franskmann i Noreg?

Uforpliktande

Same kva årsaka kan vera, oppstår det ein relasjon mellom dei to, etter litt såkalla chatting vert det ganske snart eit fysisk møte, og deretter fleire, når det lagar seg slik at dei båe samstundes har fri frå born etter brotne samliv, og Mette prøver å gjera noko meir ut av dette, eller noko anna enn det M vil, for medan ho nok er ute etter kjærleik og nærleik, er M berre ute etter leik, korkje særleg kjær eller nær.

Han vil, etter det eg kan sjå, berre ha eit heilt uforpliktande forhold, der dei to ikkje treng å vita for mykje om kvarandre. Ho, på si side, fell for denne mannen med stor M, og når det går heilt opp for ho kor stor skilnad det er på opplevinga dei to har av relasjonen, og innser at det heile er over, er det ho finn den plumpe, men korrekte oppsummeringa, ho er knulla og nulla.

Romanen vekslar fint mellom notidsplanet og minne om tida med faren, og omstende kring kreftsjukdomen og dødsfallet hans, og kva ho gjorde då ho, som studerte i Glasgow, fekk vita at han låg på det siste. Her konfronterer ho seg sjølv med tidlegare usanne versjonar av handlingane sine, og just i dette oppriktige og private kjem ho lesaren nær, det er ikkje ein manipulert og retusjert versjon av hendingane, men så tett på det røynlege som råd.

Draumar

Dei ulike sekvensane vert stundom kopla saman av draumar, og desse vert skildra truverdig, ho veit at faren er på tråden, men ho finn ikkje telefonen, det er om å gjera å finna han, ho stussar ikkje over at ho faktisk veit at han er i den telefonen ho ikkje kan finna, slik er det i drøymeland, eg er kjentmann i det landskapet.

Mette Karlsvik skriv poengtert og klokt, usentimentalt og til dels klinisk og mekanisk, ikkje minst om sex. Ho siterer Annie Ernaux på at å kjenna lidenskap er ein luksus, og Clarice Lispector på at å kjenna smerte er ein luksus, sjølv kjenner ho mest på sinne, men ho kunne sanneleg også ha sitert Clarice Starling, som på si side siterer Hannibal Lecter på at me attrår det me ser kvar dag, eller kan hende heller det me har lyst til å sjå, for ho ser etter M i alle samanhengar og syner såleis fram ei djup forelsking ho ikkje vil skildra sentimentalt.

Ho har eit strengt blikk på eigne tankar og handlingar og er meir utforskande enn sjølvmedlidande, og teksten vert dermed vesentleg for lesaren, sjølvransakinga går frå det private til det som kan gjelda oss alle. Men under alt ligg lengten etter nærleik, etter ein slik som faren, ein som kan vera hjå henne.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Karlsvik skriv poengtert og klokt, usentimentalt og til dels klinisk og mekanisk, ikkje minst om sex.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

BokMeldingar
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Personleg rapport om SV

Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.

Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

Samfunn
Andrej Kurkov

Pengar er makt

Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis