Bok
¿ Uforgløymeleg roman
Bergsveinn Birgisson er nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Fem av romanane til Bergsveinn Birgisson er omsette til norsk.
Foto: Vigmostad Bjørke
Lytt til artikkelen:
Vi luktede Røgen her allene, og bleve syge, som en Taage utbredde sig, og endskiønt den lange Reyse paa nordlige Vindes Vinger maa have kiendelig forminsket Giften, faldt den dog paa Blade og Urter, og alting visnede.
Sitatet er frå bergensbispen Johan Nordahl Bruns nyttårspreike i 1786 «i Anledning Collecten for Island», og når verknaden etter dei store vulkanutbrota på Island i 1784 kunne merkast så godt her i landet, kan ein berre tenkje seg korleis det såg ut på sagaøya: 21 prosent av befolkninga døydde, 80 prosent av sauene, halvparten av storfeet og halvparten av hestane. Det var så øydeleggjande at danske styresmakter vurderte å deportere den arbeidsføre delen av befolkninga til Finnmark, Jylland og København. Resten fekk greie seg sjølv.
Dette er bakteppet for Bergsveinn Birgissons nye roman Reisen til livsvannet. Den lærde magister philosophiae Magnus Aurelius Egede (ein reell eller fiktiv slektning av Hans Egede) får i oppdrag av rentekammeret i København å reise til Island og gjere førebuingar og observasjonar for tvangsflyttinga samtidig som han i beste opplysningsånd skal drive oppmåling, teikne kart, samle statistiske opplysningar om befolkning og næringsvegar, vurdere folkehelsa, observere hollandsk handel i strid med dansk monopolhandel, leite etter curiosum som gamle handskrifter og slikt som kan hentast til København.
I det heile tatt får han eit vidt mandat og rause økonomiske rammer for å fullføre oppdraget innanfor strengt vitskaplege føringar. Så langt, så vel.
Inn i folkedjupet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.