Båe sider, no
Denne perspektivrike og nyanserte filmen frå Vancouver er vakker, vond og vellukka.
Filmen om eit valdeleg forhold er basert på ei sann historie.
Foto: Another World Entertainment
Áila (Tailfeathers) kjem ut frå gynekologen og finn Rosie (Nelson) berrføtt, forslått og klissvåt i regnet. Typen skrik frå andre sida av gata. Saman går kvinnene av garde raskast råd i ei djupt nervepirrande fluktscene. Resten av dagen følgjer vi dei to i ein tilsynelatande einaste, fengslande sekvens der dei drøftar vegen vidare.
Feministform
Handhalde kamera og grovkorna 16mm-film gjev ein dokumentarisk effekt. Dette er sosialrealisme utan pusterom, men med tid til å tenkje. Regissøren Elle-Máijá Tailfeathers spelar ein figur som verkar ha mykje til felles med henne sjølv, halvt samisk og halvt kainai frå svartfotfolket, heilt og fullt middelklasse med høg kulturell kapital og sunt feministisk vett. Ho spelar skikkeleg bra, men hamnar i skuggen av Violet Nelson, som spelar Rosie med all ambivalensen mellom styrke og sårbarheit som trengs for ei truverdig skildring av ei kwakiutlkvinne langt nede på den sosiale rangstigen.
Mange års røynsle med mistru til staten gjer at ho reknar med å måtte stå i stormen sjølv. Dei to er eit radarpar. Med bustad få kvartal frå kvarandre og sterkt medvit knytt til urfolksbakgrunn kjem dei frå to heilt forskjellige verder.
Utgangspunktet er perfekt for å spreie innsikt om nyansane som gøymer seg bak klare kontrastar, pluss likskap knytt til å vere kvinne. Filmen er eit komplekst feministisk verk.
Lang sikt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.