Arkivet: Nancy Sinatra

Publisert

Det var i 1966 at Nancy Sinatra gav ut debutalbumet Boots, på Reprise Records, plata som inneheldt superhiten «These Boots Are Made for Walkin’», og plateselskapet Light in the Attic har bestemt seg for å feire det som er eit 55 års-jubileum med ei praktutgåve, der ulike format byr på litt av kvart av ekstramateriale.

Alternativt kan du sjølvsagt leite fram utgivinga og spele henne av, rett og slett, det er ikkje verst berre det. Produksjonen var ved Lee Hazlewood, og det framifrå laget med akkompagnerande musikarar vil fleire kjenne som the Wrecking Crew, studiofolk frå Los Angeles-området som medverka så sterkt til lyden og uttrykket på ei rekkje av dei ikoniske innspelingane frå 1960- og 1970-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement