Musikk
Arkivet: John Nova Lomax (1970–2023)
I slutten av mai i døydde ein av dei fremste amerikanske feature- og musikkjournalistane i sin generasjon.
John Nova Lomax var ein av dei fremste amerikanske musikkjournalistane i sin generasjon.
Foto: Culturemap.no
Houston-fødde John Nova Lomax voks opp i Nashville, der faren John Lomax III var manager for mellom andre Steve Earle og Townes Van Zandt. Dei blei som storebrør for han, og omgangskrinsen til foreldra tende musikkjournalisten i han.
I tenåra flytta han tilbake til Houston der han skulle finne mesteparten av stoffet han skreiv om. Som stjerneskribent i både Texas Monthly og Texas Highways var han ein folklorist i tradisjonen frå oldefar John Avery Lomax og grandonkel Alan Lomax. Ved hjelp av arkivmateriale, intervju og feltopptak teikna dei vegkartet over røtene til all amerikansk musikk.
I essayet «Roll Over, Ike Turner» i Texas Monthly desember 2014 skriv han soga om rhythm and blues-artisten Goree Carter (1931–1990) frå Houston, som han meiner fann opp rock’n’roll i 1949 med plata Rock Awhile – to år før Ike Turner-bandet med Jackie Brenston gav ut Rocket 88, i ettertid ofte kalla den første rock’n’roll-plata i historia.
Lomax skriv: «Carter ligg på Houston National Cemetery under ein stein som oppgir namnet, datoane for fødsel og død og lengda på tenesta i Koreakrigen. (…) Ingenting som indikerer at han ein gong var musikar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.