Musikk

Arkivet: Eno og Fripp, 1975

Publisert

Oppunder jul dukka Live in Paris 28.05.1975 opp på strøymetenestene, eit opptak av ein konsert Robert Fripp og Brian Eno gjorde på Olympia i den franske hovudstaden ein vårkveld for snart 47 år sidan (utgivinga kom på CD i 2014).

Vinteren 1975 var Eno nede for teljing etter at han vart påkøyrd av ein bil, ei ulukke som fort kunne ha kosta han livet, men på vårparten vart han friskmeld og heldt fram det musikalske samarbeidet med Fripp.

Dei to fann ut at dei skulle leggje ut på turné og prøve ut musikken for publikum i eit intimt, eksperimentelt format, utan øving, med konsertar som kunne vare alt frå tjue minutt til to timar, alt etter kva dei fann for godt.

I Eno-biografien On Some Faraway Beach (2008) fortel David Sheppard om den korte Europa-turneen. Dei to møttest ein halvtimes tid før kvar konsert, drakk eit glas whisky eller to og teikna etter beste evne opp eit kart for kvelden. Kortfilmar av Malcolm le Grice vart projiserte medan dei to framførte i halvmørkeret, noko som passa begge godt.

Kvelden i Paris baud på utfordringar. Fripp tolte verken røykjande konsertgåarar eller blitslyset frå fotoapparata, noko som førte med seg fleire pausar enn tenkt, og ein andre kveld i byen vart avlyst. Opptaket dokumenterer likevel ein synth-og-loop-og-gitar-estetikk som var i rivande utvikling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement