Musikk
Arkivet: Country + sørstatssoul er sant
Swamp Dogg – alltid coverkunst i særklasse, meiner Øyvind Pharo.
Samstundes med pandeminedstenginga i 2020 lanserte den eksentriske svarte satirikaren og bransjeveteranen Swamp Dogg si første countryplate. Ein skulle nesten tru at det var PR-gimmick, for uflaks er ein hovudingrediens i countrysongane.
På omslaget står det Sorry You Couldn’t Make It over eit foto av Swamp Dogg på ein aude highway med rosebukett i handa. På baksida skriv han at albumtittelen er orda han og Gary U.S. Bonds blei møtte med då dei kom til Nashville og utdelinga av Country Music Awards for 1972.
Dei var topp fem-nominerte i låtskrivarkategorien for «She’s All I Got», som Johnny Paycheck song til topps på countrylistene, i tillegg til at meir enn 20 andre hadde spelt inn låten. Bonds & Jerry Williams jr. (låtskrivarnamnet til Swamp Dogg) var favorittar.
Dei to afroamerikanarane kom sjølv om dei ikkje hadde fått invitasjonen. Det kunne verke som nokon i systemet meinte det fekk greie seg med Charley Pride på den svarte countrykvoten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.