Teater

Aldri feil med ein tur til Aldriland

Talentfull leik med klassikar sjarmerer både småtassar og oss gamlingar.

Andre klasse ved Teaterhøgskulen spelar sommarteater i Frognerparken i Oslo.
Andre klasse ved Teaterhøgskulen spelar sommarteater i Frognerparken i Oslo.
Publisert

Sommarteater i Frognerparken med teaterskuleelevar er no ein mest femti år gamal tradisjon. For vaksne teaterinteresserte er det alltid moro å sjå unge talent i knopp. Og for aspirantane sjølve er det heilt klårt ei god eldprøve å skulle fengsle det yngste publikummet. Det er ikkje nødvendigvis det enklaste å gje seg ut på. Men i sommar kjem det nok til å gå greitt, skal ein døme etter premieren sist fredag.

Teknisk eleganse

Eventyruniverset rundt figuren Peter Pan har jo ei lang og mangslungen skapingshistorie. Forfattaren James M. Barrie hadde han først med som ein bifigur i ei barnebok, der han (Peter) var eit nyfødt barn som kunne tale og handle. Så vidareutvikla han figuren til den prepubertale guten som kunne fly, i skodespelet Peter Pan, som hadde urpremiere i 1904. Og etter kvart vart det fleire bøker. Framsyninga i Frognerparken byggjer på både det opphavlege skodespelet og romanen Peter Pan og Wendy, som Barrie leverte nokre år seinare.

Det som straks fascinerer ved teaterskuleversjonen av Peter Pan, er at framsyninga kombinerer teknisk eleganse med ein tilsynelatande fri leik, ei rollespelmoro som liknar på rollespelet ungar bruker sjølve når dei leikar. Her er både songleg og akrobatisk kunnskap i rikeleg overskot og kjapt karakteriserte rollefigurar. Dei fleste speler òg fleire roller.

Trass mot vaksenlivet

Den enkle scenografien minner om ei forstørra leikehytte, truleg lett identifiserbart for juniorane i salen. Og i dette magiske eventyret om guten Peter som ikkje vil bli vaksen, og som tek med seg Wendy og småbrørne hennar til Aldriland, er vi nok mange som kan kjenne oss att i trassen mot vaksenlivet, og liksom Wendy atter må erkjenne at vi diverre må forlate Aldriland ein gong, sjølv om noko av oss alltid vil vere der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement