Musikk

Å slå seg til ro

Med The Spur har Joan Shelley har laga ei nær, varm og klok plate.

Joan Shelly har slått seg til ro.
Joan Shelly har slått seg til ro.
Publisert

Kvart barn ser det, kvart barn veit, heiter det i «Amberlit Morning», kanskje den finaste songen på Joan Shelleys nye album The Spur. Låten dveler ved det unge blikket mot verda, og det dette kan romme av visdom og uskuld og av tørst på råe, sanselege inntrykk. Med henne syng Bill Callahan, i det som står fram som ein refleksjon over barndom – både slik han ser ut i minnet, og slik vi kan få auge på han på nytt, om vi sjølve får barn.

Songen er forsiktig og delikat framført, med dempa gitarspel, slik at møtet mellom røystene som står fint til kvarandre, får den plassen det treng. Nathan Salsburg, som Shelley har arbeidd med i ei årrekkje, og som ho no også deler livet med, på ein gard i Kentucky, er også med, og har vore det frå materialet først tok form.

Kvalitet

Det var våren 2021, då Shelley var sju månader på veg med eit barn dei har saman, at dei to tinga nokre dagar i eit platestudio ikkje langt frå der dei budde, og dei spela inn grunnlaget for det som til slutt vart The Spur, etter at produsent James Elkington deretter la til bass, trommer, strykarar og blåsarar på nokre av spora i Chicago.

Eg har skrive om Shelley på desse sidene før – om den Jeff Tweedy-produserte Joan Shelley (2017), og Like the River Loves the Sea (2019), som Elkington også var produsent på – og begge desse utgivingane vitna om dei kvalitetane som gjer seg gjeldande med full styrke på The Spur, som er trubadurens beste album så langt.

Eg har lytta ein heil del til dei tolv songane på plata dei siste vekene, for dette er musikk som passar godt på forsommaren, på den tida av året då det kan kjennest som om det som omgir ein, vaknar til live.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement