Å fylle 90 med eit brak
Onsdag fylte målaren, teiknaren og grafikaren Håkon Bleken 90 år. Trønderen har vore ein av våre fremste gjennom fleire tiår, og han er framleis imponerande sprek i bileta sine.
Bleken skildrar korleis ordførar Ottervik styrer utan tanke på kva dei som har valt henne, måtte meine, utan tanke på kva som er klokt og rett. Såleis trengst korkje auge eller øyre.
Foto: Trond A. Isaksen / Galleri Brandstrup
Bleken har også ein god penn, også bokstaveleg tala, han er ein av få som får lov til å sende Adresseavisen handskrivne artiklar. I desse tekstane flekker han tenner mot dei han meiner skadar heimbyen Trondheim. Ordførar Rita Ottervik har mang ein gong blitt fillerista i desse innlegga. Det er interessant å merke seg at kritikken ikkje har fått særleg merksemd i tekstform. Så vi kan heller seie at det er penselen som er mektigare enn pennen i dette tilfellet.
Ordføraren Ottervik
Bleken har servert oss to blodferske måleri av Ottervik med den tunge ordførarkjeda om halsen. Det er såleis ordføraren og ikkje personen Ottervik som er portrettert. Verket kunne stått som eit universelt symbol for at makt korrumperer. Alt av menneskelege trekk er brent vekk, og det dyriske har fått frie taumar. Andletet er eit digert blodraudt glis med kvasse tenner. Bleken skildrar korleis ordføraren styrer utan tanke på kva dei som har valt henne, måtte meine, utan tanke på kva som er klokt og rett. Såleis trengst korkje auge eller øyre.
Penselstroka er raske og heftige og er med på å understreke engasjementet til kunstnaren. Verka har mange referansar til samtidskunst, det er noko leikent over måten han sankar inspirasjon frå fleire hald, det evig ungdommelege i han møter tyngda og erfaringa til nittiåringen.
Særleg tydeleg er inspirasjonen frå paveportretta til den britiske målaren Francis Bacon (1909–92). Men medan Bacon skildrar korleis sjela lidande og skrikande er fanga i ein menneskekropp, er det lite smerte å finne i versjonane til Bleken. Dei legg i staden vekt på å skildre Ottervik som frydar seg på primitivt og grådig vis over prosjekta ho har trumfa igjennom. Dei er slett ikkje utan humoristisk kvalitet, desse arbeida.
Monsterhallen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.