Fylkestinget i Finnmark vedtok før påske å halda folkerøysting om samanslåing av Finnmark og Troms fylkeskommunar. Folkerøystinga skal vera 14. mai, med høve til førehandsrøysting frå 7. mai.
Bra! Fylkesstyret i Finnmark har gjort eit klokt og viktig vedtak. Så synd at ikkje fleire fylke har gjort det same. Østfold, til dømes, som skal inn i den merkelege konstruksjonen Viken og koma i same fylke som Haugastøl og Kongsberg.
Ei meiningsmåling som NRK fekk laga, syner at 86 prosent i Finnmark er mot tvangssamanslåing av dei to fylka Finnmark og Troms. 10 prosent er for. I Troms er 73 prosent mot samanslåing, 21 prosent for.
Dessutan vil 72 prosent i Finnmark halda fram kampen mot samanslåinga sjølv om samanslåinga er vedteken av Stortinget. 50 prosent vil det same i Troms. Dette er tydeleg tale og syner at vedtaket til Stortinget har svært liten støtte lokalt.
Og det er lett å skjøna. Finnmark og Troms har kvar for seg sterke identitetar knytte til seg. Dessutan veit nok finnmarkingane med seg sjølve at på sikt vil dei tapa på ei samanslåing. Når det nye storfylket er på plass, vil mykje over tid verta sentralisert mot Tromsø. Noko anna vil vera svært overraskande.
Regjeringa og kommunal–?og moderniseringsminister Monica Mæland står så langt på sitt: «Jeg er kjent med den sterke motstanden i Finnmark og at de nå planlegger en folkeavstemning. En folkeavstemning vil ikke bringe noen nye momenter inn i saken. Stortinget kjente også godt til denne motstanden begge gangene sammenslåingen ble behandlet», seier ho i ein e-post til Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.