Vern mot hyttebyggingPå skitur frå Rondane mot Lillehammer – over Kvamsfjellet, Venabygdsfjellet, Ringebufjellet og Øyerfjellet – møter vi den eine hyttegrenda etter den andre. Mange av hyttene ligg fint i terrenget, men som ein lokal skiløpar fortel: «Hyt

Publisert

På skitur frå Rondane mot Lillehammer – over Kvamsfjellet, Venabygdsfjellet, Ringebufjellet og Øyerfjellet – møter vi den eine hyttegrenda etter den andre. Mange av hyttene ligg fint i terrenget, men som ein lokal skiløpar fortel: «Hyttebygginga kryp oppover mot fjellet i stadig aukande grad. Her vi står no, er det heldigvis statsallmenning, så her kjem det ikkje fleire hytter.»

Det hastar med å demma opp for den enorme hyttebygginga som føregår rundt om i mange delar av landet, med store hyttegrender som har lite i fjellområda våre å gjera.

Difor stor takk til tidlegare høgsterettsdommar Georg Fredrik Rieber-Mohn, som uredd og tydeleg har reist denne debatten i vinter. Utgangspunktet hans var at det skal byggjast 1800 hytter innover mot Vassfaret landskapsområde i Flå kommune.

Slike gigantutbyggingar vert det stadig fleire av. Og det er store pengar å tene for grunneigarar, utbyggjarar, entreprenørar og eigedomsseljarar. Og mange bønder sel villig vekk til utbyggjarane, med støtte og oppfordring frå kommunestyra. For kven vil seia nei til meir eigedomsskatt og økonomisk vekst i bygda?

Ja, vi har store naturområde i landet, og dei som ivrar for meir utbygging, kan syna til mange kvadratkilometer utan anna enn nokre stølar og ei hytte her og der. Men med den takten som utbygginga no har, og det at det er mykje pengar blant mange folk, vil utmarkslandskapet vårt kunna endra seg drastisk dei neste 50–100 åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement