Leiar
Val, alvor og høgtid
Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker.
Foto: CF-Wesenberg
Frp vart som kjent suverent største partiet i skulevalet, med 26 prosent av røystene. Vi må ha respekt for det politiske valet til kvar og ein. Og dei to ungdomsleiarane i Frp og Høgre har greidd å marknadsføra partiet over tid og vorte kjende fjes.
Likevel, noko av grunnen til at Frp gjorde det så godt, er at dei har vore gode på TikTok og treft dei unge – særleg gutane – med stort hell. TikTok og Instagram har vorte viktige valkampkanalar.
Slagord, gode replikkar og karisma har alltid påverka politiske val. Men krafta i sosiale medium, fragmenteringa og dei mange ekkokammera som oppstår på nettet, har vorte viktigare og viktigare.
Vi går triste tider i møte om korte videosnuttar som får gjennomslag på «feeden» på mobilen, skal verta avgjerande. Då vert det utfordrande å rekruttera nye folk til å driva det tunge, tidkrevjande grunnarbeidet som trengst i kvart politisk parti.
Og kor lenge orkar politisk interesserte å halda fram innanfor eit medieunivers som vert stadig meir tabloid, samstundes som ein utset seg sjølv for masse ufin kritikk i kommentarfelta. Det er klart at medieutviklinga er ei stor demokratisk utfordring.
Kva kan vi så gjera med dette? Internett har visst kome for å bli, for å seia det slik. Så svaret vert traust: Vi alle – skulane, dei politiske partia, media, heile sivilsamfunnet – må halda fana høgt og halda fram med det mauraktige arbeidet som trengst på alle frontar for å sikra eit godt og opplyst ordskifte. Så enkelt, og så vanskeleg, er det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.