Trump på nytt

Publisert

Så er Donald Trump klar for ein ny presidentvalkamp. I 2020 hadde dei fleste av oss fått nok av både Trump og USA og var letta over at det var slutt. Men i to år framover skal vi no altså måtta høyra på dei ulike utspela hans.

Det amerikanske folket, og sjølvsagt Det republikanske partiet, burde avvist han for lenge sidan, ikkje minst etter måten han oppførte seg på då han tapte valet. Det toppa seg då han sette saman eit sirkus av ein gjeng med juristar som skulle få omgjort valresultatet – med blant andre Rudy Giuliani og Sidney Powell.

Særleg Powell var av den konspiratoriske typen som slengde rundt seg med påstandar om triksing med røysteteljinga.

For Powells del enda det med at ein dommar slo fast at ho, og andre juristar knytte til Trump, hadde stått for «eit historisk og djuptgripande misbruk av rettsprosessen». Denne kritikken råkar sjølvsagt også Trump sjølv.

Men det er viktig å hugsa at det ikkje er Trump som representerer den politiske tradisjonen i Det republikanske partiet. Trump og hans tilhengjarar er avviket. Det republikanske partiet har tradisjonelt stått for innskrenka statsmakt, individuell fridom, økonomisk nøysemd og vern om tradisjonelle amerikanske verdiar – som sjølvsagt også inkluderer grunnlova og dei demokratiske verdiane ho representerer.

Eit av det sterkaste vitneprova i høyringane etter storminga av Kongressen har vore frå republikanaren John Luttig, juristen som arbeidde under president George Bush den eldre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement