Tragikomisk

Publisert

Historia om president Trumps avlysing av den planlagde Danmark-gjestinga er tragikomisk og syner at Trump vert stadig meir uføreseieleg.

Mange utanrikspolitikarar og kommentatorar formanar oss stadig om at vi må hugsa at USA er vår viktigaste militære allierte, og at vi difor må vi sjå gjennom fingrane med alle dei pinlege utsegnene hans, berre låst som ingenting, svara han høvisk og vona på godt vêr.

Det er vel slik ein må opptre andsynes ein amerikansk president, men det går etter kvart på sjølvkjensla laus. Om 50 år vil historikarar lura på kva slag usjølvstendige etterplaprarar europeiske og norske statsleiarar var i møte med Trump.

No er det ikkje slik at alt Trump gjer, er ufornuftig. Til dømes held USA no fredssamtalar med Taliban. Det er noko som burde vore gjort for lenge sidan, men korkje George W. Bush eller Barack Obama gjorde noko tilsvarande.

Mykje av Trumps utanrikspolitikk verkar likevel tilfeldig og basert på spontane innfall. Noreg og Europa må difor, for å sikra sitt eige truverd, ta tydelegare til motmæle mot utspela til Trump. Vi er ikkje husmenn under USA, sjølv om USA er avgjerande for styrken til Nato. Heilt konkret og akutt gjeld det no at Europa står for ein sjølvstendig og fornuftig Iran-politikk, der ein freistar å hindra ei farleg opptrapping i Persiabukta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement