Det er framleis ein frisk grønfarge i firkløveren til Senterpartiet, men politikken til partiet blir mindre grøn for kvar veke som går. I det alternative budsjettframlegget sitt går Senterpartiet inn for å kutte dieselavgifta med 35 øre literen og bensinavgifta med 15 øre. At Trygve Slagsvold Vedum gjerne vil vinne over enda fleire vonbrotne veljarar frå Framstegspartiet, er openbert. Men når han seier til Klassekampen at Senterpartiet gjerne vil ta over rolla som «bilistenes parti», samstundes som partiet framleis hevdar å ha ein grøn profil, er det verre å forstå.
Senterpartiet støtta klimaforlika i 2008 og 2012, men vil ikkje ta konsekvensen av forlika. Auken i utsleppa frå vegtrafikken er ein viktig grunn til at Noreg ikkje klarer å nå klimamåla sine. Avgifter er ikkje ein kur mot alt. Men når ein allereie er på etterskot med klimamåla, gjer det vondt verre å kutte drivstoffavgiftene.
Vedum er ikkje åleine om å vere bilpopulist i Senterpartiet. Geir Pollestad, næringspolitisk talsperson i partiet, er ofte enda meir plump i flørten sin med frustrerte Frp-veljarar. I februar i år oppsummerte han til dømes synet sitt på miljø- og klimaministeren slik overfor Vårt Land: «Når jeg hører Ola Elvestuen på radioen, får jeg lyst til å gå ut og starte bilen på tomgang.»
Partiprogrammet til Senterpartiet er ikkje utan miljøpolitiske ambisjonar. Men når miljøomsyn kjem i konflikt med omsynet til distrikta eller landbruket, er det alltid miljøet som må vike. Da regjeringspartia og SV i vår gjekk inn for å forby nydyrking av myr, var det fordi myrane er store karbonlager, og det gjev store CO2-utslepp å dyrke dei opp. Men ifølgje Geir Pollestad var myrdyrkingsforbodet «symbolpolitikk, kun egnet til å plage folk».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.