Sviktar i bistandsrapporteringa

Publisert

Riksrevisjonen har vurdert Utanriksdepartementets og Norads arbeid med å sikra påliteleg og relevant informasjon om resultata av norsk bistand til utdanning i utviklingsland. Rapporten er kritisk og syner at bistandsforvaltninga her ikkje har gjort godt nok arbeid.

Til dømes har Utanriksdepartementet støtta eit fond for utdanning av born med 110 millionar utan at det er mogeleg å seia noko om kva pengane har ført til.

Rapporten syner òg at Utanriksdepartementet og Norad ikkje har full oversikt over kor mykje av bistanden til utdanning som går til administrasjon i mottakarlanda. I det heile skårar Noreg lågt på den internasjonale indeksen for kor open ein er om resultata av bistanden.

Det er skuffande – og øydeleggjande for tilliten til norsk bistand. For skal den store norske viljen til ein aktiv bistandspolitikk kunne haldast oppe, er det avgjerande at ein er tydeleg på kva resultat ein faktisk har oppnådd, både av positive og negative resultat.

Etter over 60 års røynsle veit vi at god bistand er vanskeleg å få til. Ein vil stadig oppleva manglande resultat. Dess viktigare er det at alt anna er på stell – og at Norad og Utanriksdepartementet informerer ope og tydeleg om kva som har gått godt og ikkje.

Rapporten frå Riksrevisjonens fortel oss at det er ikkje er ein auke i bistandsbudsjettet som bør ha fyrsteprioritet framover, men å få til skikkelege rapporteringsordningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement