JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Svenske
utfordringar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1792
20180817
1792
20180817

Bilbrannane i Sverige denne veka er skremmande. Omfanget av hærverket var så stort: Over 100 bilar har vorte påtende. I tillegg verkar det heile organisert og planlagt, noko som gjer hendinga endå meir alvorleg.

Dette kan lett skje på nytt. Bilbrannane syner at politiet ikkje har kontroll på dei kriminelle ungdomsmiljøa og gjengane i landet, og fleire stader i Sverige vart brannstiftinga fylgd opp med steinkasting mot politiet. Det syner ein total mangel på respekt for ordensmakta, og det er ikkje rart mange svenske politifolk vel å slutta i jobben.

Det er enno ikkje heilt klart kven som står bak. Somme har spekulert på om nokre av brannane er påsette av høgreradikale grupper som prøver å påverka valet. Men politiet seier at ikkje noko tyder på det. Dei som er mistenkte så langt, er lokale ungdomar som er kjende for politiet frå bydelar der mange har innvandrarbakgrunn.

Om dette er tilfellet, ser vi eit nytt døme på at Sverige har problem knytte til den store innvandringa. Fleire svenske byar har dei siste åra fått store gettoar der flyktningar og immigrantar lever under dårlege butilhøve, der integreringa er dårleg og arbeidsløysa høg. Resultatet er store kriminelle ungdomsmiljø i desse bydelane. Tal som vart lagde fram tidlegare i år, fortel noko om omfanget av gjengkriminaliteten i Sverige: Dei siste sju åra er 131 menneske drepne og 520 skadde i skyteepisodar. Til saman har det vore kring 1500 skyteepisodar i Sverige i denne perioden.

Svenske styresmakter må ta gjengkriminaliteten langt meir alvorleg enn dei synest å ha gjort til no. Det er alvorleg for eit land om innvandrarbefolkninga vert knytt til kriminalitet. Å løysa desse problema er svært viktig både for innvandrarane sjølve og for heile det svenske samfunnet.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis