Straumstøtte til private verksemder
Mange private verksemder slit no med straumrekningane, med fare for nedleggingar eller permitteringar. Likevel har ikkje regjeringa fått i stand kortsiktige straumstøtteordningar som på ein god nok måte avhjelper betalingsproblema.
Det er nesten fascinerande å vera vitne til kor standhaftig regjeringa er i forsvaret av eigen straumpolitikk. Politikken er iallfall ikkje motivert av eigeninteresser – det skal dei ha. For resultatet er store tap av veljarar.
Næringsminister Jan Christian Vestre gjentok på Debatten på NRK denne veka endå ein gong at regjeringa «ikkje kan lova kortsiktige løysingar som slår beina under trygg økonomisk styring».
Men å føra ein straumpolitikk som gjer at verksemder som bør vera liv laga, må leggja ned eller flytta ut av landet, er ikkje «trygg økonomisk styring». Mange av dei som slit, til dømes nærbutikkar i distrikta, vil ikkje koma i gang att om dei må leggja ned. Det vert ei varig avvikling, med store negative konsekvensar for nærmiljøet.
Mange private verksemder har ikkje tid til å venta på at det som Vestre og regjeringa kallar «massiv utbygging av havvind, vind på land og solkraft», skal ta til å verka – ein gong i framtida. Ein slik argumentasjon verkar berre provoserande når ein her og no treng kortsiktige løysingar som monar – og som samstundes sikrar at verksemdene har klare interesser av å spara på straumen.
Og det er liten fare for at ei meir kraftig straumstøtteordning vil føra til at inflasjonen og renta går særleg opp. Sjølv om næringslivet skulle få den same støtta som hushalda, vil staten likevel ta inn meir pengar i strauminntekter og moms enn det dei deler ut.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.