Statane som drep
Kina, Iran og Saudi-Arabia er på nytt dei landa som står for flest avrettingar i verda, ifylgje den siste årlege rapporten om dødsstraff frå Amnesty International. Kina er i ein liga for seg. Styresmaktene gjev ikkje opp talet på avretta, men det dreier seg om fleire tusen.
Saudi-Arabia, derimot, er meir open og fortel at dei halshogg, hengde eller skaut 147 menn og ei kvinne i 2022. Amnesty meiner at talet er 196. Berre på 8. mars i fjor, etter ein kongeleg ordre, avretta dei 81 personar for «å oppnå rettferd ved å innfri sharialovene».
For eit regime! Men med alle oljepengane får dei likevel tura fram som dei vil. Mannen bak dei kongelege ordrane om halshogginga i Saudi-Arabia er utruleg nok styreleiar i selskapet som nyleg kjøpte fotballklubben Newcastle. Engelsk fotball har for lengst mista det moralske kompasset, etter at fleire klubbar har late seg freista av pengar frå tvilsame golfland. Men her tek Newcastle det til eit nytt lågmål.
På den skamfulle dødsstrafflista til Amnesty står, i tillegg til dei tre verstinglanda, Egypt, Irak, Somalia, Singapore, Kuwait, Sør-Sudan, Palestina, Jemen, Bangladesh, Myanmar, Belarus, Japan, Afghanistan, Nord-Korea, Syria, Vietnam – og som eit trist unnatak i Vesten: Fleire delstatar i USA stod for 18 avrettingar i 2022. USA har fleire tusen på dødscelle. Berre i California er det 670 dødsdømde som sit i fengsel med avrettinga hengande over seg.
Er det noko positivt i årets rapport? Ja. Europa er som tidlegare eit føredøme i kampen mot dødsstraff. Berre Belarus praktiserer dødsstraff. Dessutan har 112 land no avskaffa dødsstraff for alle brotsverk. Nye land i 2022 er Kasakhstan, Papua Ny-Guinea, Sierra Leone og Den sentralafrikanske republikken. Ekvatorial-Guinea og Zambia har avskaffa dødsstraff i sivil strafferett.
«Regjeringa har gjort eit vedtak, eit stort vedtak, for å avskaffa dødsstraffa i landet vårt», offentleggjorde den zambiske presidenten i fjor. Så bra. Kampen mot dødsstraff går trass alt framover.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.