Historia om planarbeidet for skipstunnelen ved Stad er ei forteljing om ein god og nøktern idé som i tråd med moderne norsk økonomisk historie har utvikla seg til noko altfor stort og kostnadskrevjande. Det liknar på soga om det enkle stupebrettet i Hamar som vart til ei stupeøy til over ti millionar kroner. Og det er mange slike stupebretthistorier i Noreg.
Tanken i 1984 var å byggja ein skipstunnel for farty opp til 600 bruttotonn. Men planane auka fort til 5000 tonn og seinare til 16.000 bruttotonn som i dag. No vil altså Samferdsledepartementet at større båtar skal kunna gå gjennom Stad-tunnelen, som store fiskebåtar.
Men kva skal ein stor fiskebåt med ein slik tunnel? Kan ein fyrst liggja på ope hav vest for Hebridane og tråla, treng ein ikkje ein skipstunnel. Som mangeårig skipsførar Øystein Sulebak Ormbostad frå Nordmøre seier i dagens avis: «Store farty vil aldri bruke ein slik tunnel. Store farty må tole ope hav, det er det dei skal brukast til.»
Og kvifor dimensjonera for Hurtigruten når Hurtigruten ikkje har synt interesse for tunnelen? «Vi synest uansett det vil vere fornuftig å ta høgd for at Hurtigruten i framtida kan passere gjennom tunnelen», svarar statssekretær i Samferdsledepartementet. Slik svarar ein politikar i eit land med for mykje pengar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.