Den nye fredsplanen for Midtausten som president Donald Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu la fram denne veka, kan ikkje takast på alvor. «Hundreårets avtale», som Trump kallar han, kjem heller aldri til å få nok oppslutnad til å verta gjennomført.
Avtaleframlegget, som blant anna seier at Israel skal få halda på busetnadene i dei okkuperte områda, er ei rein støtte til Israels langsiktige plan om utviding og realisering av eit Stor-Israel på kostnad av palestinarane.
Det er difor viktig at utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) etter kvart tok tydeleg avstand frå «fredsavtalen» og poengterte at å annektere område med makt er uakseptabelt og i strid med folkeretten.
Trump lokkar med 50 milliardar dollar over ti år om palestinarane godtek planen. Men ein kan ikkje kjøpa seg landområde frå fattige på denne måten. Og for den vanlege palestinar vil desse pengane vera av mindre interesse. Som vi har lært dei siste tiåra, hamnar mykje av bistanden til dei palestinske områda fort i korrupsjon.
President Trump seier at dette kanskje er siste sjansen for palestinarane til å få sin eigen stat. Det må ikkje skje. Men det er likevel noko i det. Diverre er det slik at makta rår, og di meir tida går, di dårlegare kort får palestinarane i forhandlingane, og di dårlegare kjem sluttresultatet til å verta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.