Høgskolen i Oslo og Akershus vil kalla seg OsloMet – Storbyuniversitetet, og Oslo Metropolitan University på engelsk. Eit merkeleg påhitt. Mange i styret likte ikkje namnet, men makta – utruleg nok – ikkje å koma med eit anna framlegg.
Vonleg vil kunnskapsministeren stansa framlegget. Forkortinga «Met» høver bra for kunstmuseet Metropolitan Museum of Art der det ligg på Fifth Avenue på Manhattan i New York. Men mykje av Høgskolen i Oslo og Akershus ligg langs gamle Pilestredet i Oslo – i Noreg. Då må ein ha eit norsk namn som ikkje er i strid med norsk rettskriving, og som forklarar kva institusjonen skal driva med.
Bakgrunnen til namnet er sjølvsagt ikkje fantasiløyse, men ein sterk iver etter meir akademisering og internasjonalisering av høgskulen. Såleis skal alle stillingar no lysast ut internasjonalt, der det berre i spesielle tilfelle vert stilt krav til gode norskkunnskapar. Norsk skal utanlandske forskarar og førelesarane læra seg innan tre år. Fram til då kan dei førelesa på engelsk. Rektor og pådrivar for det heile, Curt Rice, ser ingen problem med det.
Men å undervisa og inspirera studentar krev ikkje berre middels språkleg kunnskap, ein bør kunna språket inngåande. Ein god førelesar må briljera språkleg – med anekdotar, sitat og historier der språket krydrar og levandegjer stoffet. Og om temaet er norsk og norsk røyndom, må førelesaren ha god teoretisk – og praktisk – innsikt i norsk samfunnsliv og kunne ausa av gode døme og samanlikningar.
Det finst sjølvsagt unntak, men alt dette er det få som lærer på tre år – trass i ein god doktorgrad i bakhand. Like lite som dei aller fleste nordmenn kan framføra gode førelesingar på engelsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.