Det er ikkje så overraskande at SV trekkjer seg frå regjeringssonderingane. Senterpartiet har som venta vore harde i sonderingane, noko som heller ikkje bør overraska etter å ha høyrt senterpartifolk tala om eit eventuelt SV-samarbeid i valkampen.
Men sjølv om det ikkje var overraskande, treng det ikkje vera lurt av SV å trekkja seg. For har ein sjansen til å gå inn ei regjering etter åtte år med ein statsminister frå Høgre, bør ein som eit venstreparti gripa sjansen.
SV kunne ha tent på å framstå som eit statsberande parti. Driv ein politisk arbeid, må ein søkja regjeringsmakt, slik SV gjorde i 2005. Og dei hadde nok greidd å fortelja veljarane at dei ikkje var samde i alt som måtte å stå i regjeringserklæringa. Folk veit at SV er imot leiteboring og for ein streng oljepolitikk – og at det minste partiet i ein koalisjon ikkje kan oppnå alt.
Sjølvsagt kunne ei slik line gått ut over oppslutninga ved neste val. Å sitja i regjering kan fort verta eit relativt anonymt tilvære. Berre spør Venstre. Men regjeringsslitasje råkar alle parti – store som små. Regjeringsansvar kostar. Det er alltid lettare å sitja på utsida og kommentera og koma med andre løysingar.
SV meiner dei vil få makt og gjennomslag i Stortinget. Sjølvsagt vil dei det, men det er likevel ein påstand med atterhald. For posisjon gjev stor makt i seg sjølv. Dette veit Senterpartiet etter tiår på tiår som det store ordførarpartiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.