Norwegian

Publisert Sist oppdatert

Soga om bonusane til sjefane i Norwegian er vorten ein farse. Staten har hyra inn både meklarhus og advokatkontor, Norwegian det same. Men vi kan alle trygt rekna med at dei 30 millionane i bonusar er borte og aldri vert flytta attende til staten frå bankkontoane til sjefane. Dessutan er det styret som lovde bort pengane, også vekke.

Regjeringa ville opphavleg ikkje låna bort pengar, stilla statsgarantiar eller for den del gje hybridlån, lån som seinare kan verta omgjorde til aksjar. Stortinget med Trygve Slagsvold Vedum i spissen meinte noko heilt anna. Vedum stilte opp med Norwegian-slips både her og der og lovde store pengar.

Det byrja med at staten stilte opp med ein lånegaranti på 3 milliardar. Men det vart ikkje nok, og heile den summen låg an til å gå tapt. Dimed gjekk staten inn med eit hybridlån på 1,2 milliardar og eit rentefritt lån på 2,6 milliardar. Bordet fanga den dagen staten stilte opp med garantien.

Stortingsfleirtalet, på si side, vaska hendene ved å stilla eit krav om at «lån under garantifasiliteten skal ikke benyttes til utbytte og bonusutbetalinger til ledende ansatte». Men kven veit kva pengehaug bonusane er gjevne frå? Statens pengar ser ut som andre pengar.

Staten burde ha halde seg unna. Norwegian hadde teke på seg altfor stor gjeld før krisa. Slik risiko bør ikkje staten løna. Dessutan har Norwegian nokre av Europas mest trafikkerte ruter. Nordmenn flyg som ingen andre.

Både flya og menneska som arbeider på desse rutene, hadde framleis vore der sjølv om Norwegian hadde gått konkurs. John Fredriksen har gått inn med store pengar for å få ein stor del av selskapet. Han ser sjølvsagt kor lønsame norske flyruter er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement