Fleire norske lærebøker
Språkrådet har påvist at store delar av pensum ved fleire av fyrstesemesterkursa ved universiteta og høgskulane våre er på engelsk. Det gjeld fag som psykologi, biovitskap, informatikk, geologi og filosofi.
Dette er uheldig og bør gjerast noko med. Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo ser det annleis. Ho fortel til NRK at dei fyrst vil bli uroa «når vi ser ei massiv forskyving i store delar av tilbodet».
Heller ikkje Norsk studentorganisasjon er uroa: «Nei, vi studentar synest ikkje det er eit problem. Dei engelskspråklege bøkene er gode, og dei gjev det faglege utbyttet ein skal ha», seier leiaren Mats Johansen Beldo.
Det er sikkert rett at studentane raskt lærer seg fagterminologien på engelsk slik at dei kan lesa lærebøkene. Men det bør likevel ikkje vera tvil om at gode lærebøker på eige språk gjev større meistring når ei skal tileigna seg eit nytt fag – trass mange år med engelsk i grunnskulen og den vidaregåande skulen.
Difor bør ei blanding av norsk og engelsk vera å føretrekkja. Kvart fag bør ha minst eit par gode norske innføringsbøker på pensum, slik til dømes ingeniørstudia, sjukepleiarstudia og faga statsvitskap, psykolog og medievitskap har.
Og sjølvsagt er det god språkpolitikk i gode lærebøker på norsk. Lærebøker på norsk er med på å styrkja språket vårt og sikra aktiv bruk av norsk fagterminologi. Ferdig utdanna skal studentane stort sett praktisera faget i ein norsk samanheng. Då må ein kunna venda seg til folk flest på ein forståeleg måte.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Språkrådet har påvist at store delar av pensum ved fleire av fyrstesemesterkursa ved universiteta og høgskulane våre er på engelsk. Det gjeld fag som psykologi, biovitskap, informatikk, geologi og filosofi.
Dette er uheldig og bør gjerast noko med. Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo ser det annleis. Ho fortel til NRK at dei fyrst vil bli uroa «når vi ser ei massiv forskyving i store delar av tilbodet».
Heller ikkje Norsk studentorganisasjon er uroa: «Nei, vi studentar synest ikkje det er eit problem. Dei engelskspråklege bøkene er gode, og dei gjev det faglege utbyttet ein skal ha», seier leiaren Mats Johansen Beldo.
Det er sikkert rett at studentane raskt lærer seg fagterminologien på engelsk slik at dei kan lesa lærebøkene. Men det bør likevel ikkje vera tvil om at gode lærebøker på eige språk gjev større meistring når ei skal tileigna seg eit nytt fag – trass mange år med engelsk i grunnskulen og den vidaregåande skulen.
Difor bør ei blanding av norsk og engelsk vera å føretrekkja. Kvart fag bør ha minst eit par gode norske innføringsbøker på pensum, slik til dømes ingeniørstudia, sjukepleiarstudia og faga statsvitskap, psykolog og medievitskap har.
Og sjølvsagt er det god språkpolitikk i gode lærebøker på norsk. Lærebøker på norsk er med på å styrkja språket vårt og sikra aktiv bruk av norsk fagterminologi. Ferdig utdanna skal studentane stort sett praktisera faget i ein norsk samanheng. Då må ein kunna venda seg til folk flest på ein forståeleg måte.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.