JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Noreg i Pesco?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1842
20171117
1842
20171117

Ei av dei viktigaste utsegnene i Europa i 2017 kom frå Angela Merkel 20. mai: «Dei tidene då me kunne lita på kvarandre, er over for ganske lenge sidan. Det har eg opplevd dei siste dagane. Europearane må ta lagnaden sin i eigne hender og sjølv kjempa for si eiga framtid».

Utsegna kom like etter at ho hadde møtt president Donald Trump for fyrste gong. Ho la til at venskapen med USA og Storbritannia, og eit godt grannetilhøve til andre statar som Russland, sjølvsagt var viktig. Men Merkels tale kan likevel ikkje mistydast. Europa må ta meir ansvar for eigen tryggleik. Vi kan ikkje lenger, etter Trump, berre lita på USA.

Måndag inngjekk 23 EU-land «i ljos av eit skiftande tryggingsmiljø» ein avtale om å styrkja EUs samarbeid på tryggings- og forsvarsfeltet og få til auka koordinering og auka investeringar i forsvaret. Initiativet var teke før Trump kom til makta, men har gjeve avtalen auka aktualitet.

Sjølv om Nato og USA ynskjer samarbeidet velkome, er det liten tvil om at den nye europeiske forsvarsavtalen – Pesco – har potensial i seg til å vera starten på ein lausare europeisk forsvarsallianse med USA.

Kva gjer så Noreg oppi alt dette? Skal vi søkja medlemskap i Pesco? Det er det for tidleg å svara på. Avgjerande for Noreg vert kva Storbritannia gjer, ei viktig militærmakt som Noreg er sterkt knytt til. Britane har så langt sagt at dei ikkje vil inn i Pesco. Men den britiske statsministeren, Theresa May, har nyleg sagt at dei ynskjer eit nytt og nærare tryggingspolitisk samarbeid i Europa.

Som Ulf Sverdrup ved Norsk utanrikspolitisk institutt skriv i Dagens Næringsliv denne veka, kan såleis både Noreg og Storbritannia gjennom tryggingspolitikken koma i eit tettare samarbeid med EU. Ikkje i Pesco i fyste omgang, men gjennom ein tettare og meir omfattande europeisk partnarskap.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis