JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Når staten halshøgg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1524
20210507
1524
20210507

Dag og Tid har ved fleire høve på leiarplass lagt vekt på å lyfta fram den årlege rapporten frå Amnesty International om bruken av dødsstraff i rundt om i verda.

Årets rapport kom denne veka. Han syner ein ny, gledeleg tilbakegang i bruken av dødsstraff. Talet på avrettingar var rekordlågt i 2020, noko som kan tyda på at merksemd og kritikk av bruken av dødsstraff har ein positiv verknad.

Likevel var 483 personar fordelte på 18 land avretta i 2020. Men, som Amnesty skriv, ein kjenner ikkje tala frå Kina, Vietnam og Nord-Korea. Desse landa held talet hemmeleg, men truleg er det snakk om fleire tusen berre i Kina.

Av dei som oppgjev talet på avretta, kjem ikkje uventa Iran, Egypt, Irak og Saudi-Arabia øvst på lista. Iran åleine med minst 246 avretta.

Metodane for avrettingane er halshogging i Saudi-Arabia, henging i land som Bangladesh, Botswana, Egypt og India, og skyting i Kina, Nord-Korea, Oman, Qatar, Somalia og Taiwan.

USA held seg med giftsprøyte og elektrisk stol. Under president Trump var det uført ti føderale avrettingar i 2020 – dei fyrste føderale avrettingane sidan 2003. Så mange som 2485 sit på dødscelle i USA.

Amnesty gjer eit viktig arbeid i kampen mot dødsstraff. Norske styresmakter bør no, i etterkant av Amnesty-rapportane kvart år, senda ei oppmoding til dei 55 landa som praktiserer dødsstraff, om å avvikla den barbariske ordninga.

Ein kan ikkje kalla seg ein sivilisert stat om ein avrettar folk – same kva dei avretta måtte vera skuldige i.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis