Hovudsaka i Dag og Tid denne veka er det nedslåande resultatet av den norske krigen i Afghanistan frå 2001 til 2012. Situasjonen i det «norske området» Faryab er verre no enn før krigen starta. Faryab har ikkje vore farlegare sidan Taliban fall i 2001.
Dette står i motstrid til den måten norske politikarar og talspersonar frå det norske forsvaret har omtala Afghanistan-krigen på, som tidlegare forsvarssjef Harald Sunde. Då vi trekte oss ut av landet i 2012, var han «optimist på vegner av hele Afghanistan», og vi hadde gjort «en betydelig og hederlig innsats for det afghanske folk».
Det er nettopp denne optimismen og manglande realitetsorienteringa frå vestlege politikarar og militære som har vore problemet i Afghanistan og Midtausten det seinaste tiåret. Vi har ikkje hatt klart for oss kva det vil seia å gå inn militært for å fremja demokrati i eit land med ein heilt annan kultur og historikk.
Alle dei tre krigane i Irak, Afghanistan og Libya er tragiske døme på det. Og krigane har ført til destabilisering av heile regionen. Som Ståle Ulriksen ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt seier om Afghanistan-krigen: «Den norske strategien var prega av naiv tru på at all statsbygging var av det gode.»
I ein annan artikkel i dag skriv Bernt Hagtvet om at demokratia er i tilbakegang, og at den demokratiske sigersrusen etter kommunismens fall har stilna. Det fortel oss at demokratiet er sårbart, særleg i økonomiske nedgangstider.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.