Meir praktisk læring i skulen

Publisert

Denne veka sende regjeringa ut på høyring framlegg til nye eksamensordningar for grunnskulen og vidaregåande skule.

Eitt av framlegga er å innføra eksamen i dei praktiske og estetiske faga i ungdomsskulen, altså faga kunst og handverk, musikk, gymnastikk og mat og helse. Regjeringa føreslår at eksamen skal gjennomførast som ein munnleg-praktisk eksamen med ein førebuingsdel.

Grunngjevinga er fin nok: å heva statusen til desse faga og å gje elevane høve til å syna kva dei kan i fleire fag enn dei som i dag er eksamensfag, som jo er teoretiske fag som matematikk, naturfag, språk og så bortetter.

Før var mat og helse det vi kalla skulekjøken, og gymnastikk var gymnastikk. To praktiske fag der ein laga mat på skulekjøkenet og dreiv nettopp med gymnastikk i gymnastikktimane. Jo, litt teori var det, men det var meir underordna.

I dag er det mykje meir vekt på lærebøker, fagplanar, kompetansemål og slikt. Mykje av gleda med faga er borte – alvoret pregar timane meir. Før fekk ein M eller 5 i gym om ein ikkje bråka, men stod på i timen, var aktiv med på sirkeltreninga og sprang det ein makta. No skal det i karaktersetjinga òg leggjast vekt på «kunnskap, erfaring og refleksjon for å gjennomføre ulike aktivitetsformer» og anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement