Erling Folkvord rapporterer i ein serie for Dag og Tid frå ei reise han no gjer i Irak og Syria. Denne veka talar han mellom anna med folk i den kurdiske byen Kobanê i Nord-Syria. Dei har ei sterk historie å fortelja. Byen og kantonen deira på 400.000 innbyggjarar vart i 2014 angripen av dei islamistiske opprørarane i IS, som tok kontroll over kantonen og nesten heile byen. IS utførde massakrar, og hundretusenvis flykta over til Tyrkia.
Men med hjelp frå amerikanske flyåtak greidde dei kurdiske geriljastyrkane å hindra at IS tok over byen. Seinare bidrog òg kurdiske styrkar frå Irak i kampen mot IS. Og i februar 2015 vart byen erklært IS-fri. Likevel greidde IS 25. juni i 2015 i eit åtak å massakrera over to hundre sivile – born, kvinner og menn – i byen. Mange andre vart hardt skadde. «Dei skaut på alt som rørde på seg», står det i ein menneskerettsrapport.
Men no har mange likevel reist heim att. Trass i at byen stort sett ligg i ruinar og manglar vatn, straum og elementære varer. For byen får knapt hjelp av verdssamfunnet. Berre få og små hjelpeorganisasjonar er der.
Det er vanskeleg å skjøna at det skal vera så lite hjelp å få. At folk reiser tilbake, er heilt avgjerande. Byen må erobrast tilbake av sivile òg – ikkje berre militære. Folk, familiar, lækjarar, lærarar, ingeniørar – alle må dei tilbake, så raskt som råd. Sjølvsagt med store offer og eit særs kummerleg og vanskeleg, ja, nærast umenneskeleg liv i møte. Men dette er einaste måten freden og samfunna kan bergast på. Så brutalt er det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.