Historisk sett kan det viktigaste resultatet av årets stortingsval vera KrFs fall. For det meste tyder på at KrFs tid som landsdekkjande parti er over, og at KrF endar som eit regionparti på sørvestlandet.
Det er striden om Framstegspartiet som har knekt dei. Spørsmålet om regjeringssamarbeid med Frp har vore ein verkebyll i åtte år. Eit lite parti i jamn tilbakegang toler ikkje ein slik konflikt år etter år. Særleg sidan det er lite i partiprogrammet som knyter dei til Frp – anna enn «dei kristne verdiane», kva no det måtte innebera i praktisk politikk. Iallfall ikkje felles synspunkt på bistands-, flyktning- eller klimapolitikken.
Knut Arild Hareides avrøystingskupp i 2018 om regjeringsspørsmålet vart såleis øydeleggjande – sjølv om det var demokratisk tenkt. Dei påfølgjande årsmøta, direktesende på TV, synte vilje til å koma frå det som eit samla parti. Men taparen, same kva for ei av dei to fløyene det vart, ville tapa for mykje. Frp var utoleleg for venstresida – SV for høgresida.
Det gjorde det ikkje lettare at avrøystingsreglane var uklare og spissa konfliktane endå meir. Vedtaket, om å gå i regjering med Frp, vart til slutt KrFs Røros, der Venstre vart splitta på EEC-saka i 1972.
I ettertid har ein freista koma over konflikten. Som ved krumspringet til Hareide, som vart statsråd i regjeringa med Frp kort tid etter at han hadde sett leiarvervet og det politisk livet sitt inn på det motsette. Men det hjelpte lite. Det gjorde det heller ikkje lettare at enkelte frå partiet fekk det for seg at det vart trong for endå eit sentrumsparti – Partiet Sentrum. Og at sentrale KrF-arar støtta nettverket Drivkraft, som var sterkt kritiske til det vegvalet fleirtalet i KrF gjorde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.