KrFs nedgang
Historisk sett kan det viktigaste resultatet av årets stortingsval vera KrFs fall. For det meste tyder på at KrFs tid som landsdekkjande parti er over, og at KrF endar som eit regionparti på sørvestlandet.
Det er striden om Framstegspartiet som har knekt dei. Spørsmålet om regjeringssamarbeid med Frp har vore ein verkebyll i åtte år. Eit lite parti i jamn tilbakegang toler ikkje ein slik konflikt år etter år. Særleg sidan det er lite i partiprogrammet som knyter dei til Frp – anna enn «dei kristne verdiane», kva no det måtte innebera i praktisk politikk. Iallfall ikkje felles synspunkt på bistands-, flyktning- eller klimapolitikken.
Knut Arild Hareides avrøystingskupp i 2018 om regjeringsspørsmålet vart såleis øydeleggjande – sjølv om det var demokratisk tenkt. Dei påfølgjande årsmøta, direktesende på TV, synte vilje til å koma frå det som eit samla parti. Men taparen, same kva for ei av dei to fløyene det vart, ville tapa for mykje. Frp var utoleleg for venstresida – SV for høgresida.
Det gjorde det ikkje lettare at avrøystingsreglane var uklare og spissa konfliktane endå meir. Vedtaket, om å gå i regjering med Frp, vart til slutt KrFs Røros, der Venstre vart splitta på EEC-saka i 1972.
I ettertid har ein freista koma over konflikten. Som ved krumspringet til Hareide, som vart statsråd i regjeringa med Frp kort tid etter at han hadde sett leiarvervet og det politisk livet sitt inn på det motsette. Men det hjelpte lite. Det gjorde det heller ikkje lettare at enkelte frå partiet fekk det for seg at det vart trong for endå eit sentrumsparti – Partiet Sentrum. Og at sentrale KrF-arar støtta nettverket Drivkraft, som var sterkt kritiske til det vegvalet fleirtalet i KrF gjorde.
Senterpartiet står no framfor litt av det same valet som KrF gjorde. Det er usemje i partiet om ein skal gå i regjering med SV, og mange av dei nye veljarane til Sp er ikkje akkurat SV-sympatisørar. Det skal såleis mykje til at Senterpartiet vil koma styrkt ut etter fire år i regjering med SV. Men det vert ikkje noko lettare for SV, sidan Raudt vil kunna kritisera kvart einaste kompromiss SV vil måtte gjera.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.