JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

KrFs eldprøve

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2111
20170915
2111
20170915

Kva gjer KrF i sin nye posisjon som vippeparti? Svaret er avgjerande for partiet. Trår dei feil no, kan partiet gå under. Lat oss leggja alle partipreferansar til sides og gje KrF eit råd. Kva hadde vi gjort om det var vi som sat i KrFs partileiing?

Som bakgrunn må vi heile tida ha med oss at partiet har vore i konstant konflikt med seg sjølv, mellom dei tradisjonelle kristne på høgresida og den verdibaserte kristne venstresida. Venstresida i partiet kan tola Høgre, men ikkje Frp. På same måte er dei tradisjonelle kristne like kritiske til Arbeiderpartiet og SV. Så uansett kva KrF-leiarane gjer, vil det ha negative konsekvensar. Men eit val må dei ta. Dei har tre alternativ.

Det første er å overgje seg til lagnaden og reindyrka vippeposisjonen. Det krev at ein er tydeleg på nettopp denne posisjonen, er truverdig på at ein er viljug til å fella regjeringa om det trengst, og får fram sigrane sine tydeleg. Men draumen om å vera vippeparti kan fort enda i eit mareritt. Dei vil stadig verta offer for påminningar frå opposisjonen om alt dei ikkje får til, men likevel må stå ansvarleg for, sjølv om dei står utanfor regjeringa.

Det andre alternativet er å fella regjeringa og freista å få til eit nytt alternativ med Høgre og Venstre. Det vil ikkje gå. Arbeidarpartiet vil få oppdraget, og KrF vil tapa heile høgresida i partiet om dei går inn i ei slik regjering. Og fleirtalet av den vesle gruppa på 120.000 veljarar som er att i partiet, høyrer nok til høgresida.

Det tredje alternativet er å godta at dei er eit konservativt parti, og fylgja etter Venstre som ser ut til å gå inn i ei Solberg-regjering alt i haust. Etter lovnadane i valkampen er det umogeleg for KrF å gjera det i haust. Men tida går fort i politikken. Det siste alternativet er truleg det KrF vil tapa minst på – og truleg vil partiet tapa mindre enn kva Venstre vil gjera. Avstanden mellom Venstre og Frp enn på mange måtar større enn avstanden mellom KrF og Frp.

For oss som ikkje er med i KrF, er det siste alternativet det beste. Norsk politikk er best tent med klare og tydelege alternativ.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis