Når vi diskuterer korleis vi handterte koronapandemien, må vi spørja oss kva vi tenkte då vi såg bileta frå Nord-Italia i februar 2020. Ingen visste då kor smittsamt og farleg viruset var. Ville du som statsminister ikkje stengt ned i mars 2020? Vi skal sjølvsagt vera kritiske og læra av feila som vart gjorde, men det er lett å vera etterpåklok.
Koronakommisjonen konkluderer med at styresmaktene og det norske folket samla sett har «håndtert pandemien godt». Og at vi er blant dei i Europa som har hatt «lavest dødelighet, lavest tiltaksbyrde og minst reduksjon i økonomisk aktivitet».
Her kan vi leggja til at ja, det vart innført mange restriksjonar og tiltak, men ikkje dei mest ekstreme som vaksinetvang eller at folk ikkje fekk forlata huset – tiltak vi har sett i fleire land. Men å nekta pårørande å ta farvel med døyande familiemedlemer var eit ekstremt tiltak.
Mange ting kunne vore gjort betre under pandemien. Samanlikna med Sverige hadde vi ei kjensle av at vi handterte pandemien best og såleis ikkje tok nok på alvor kostnadane ved nedstenginga for born, skuleelevar og studentar. I røynda hadde det vore fleire gode alternativ mellom svensk «lettsinn» og massiv nedstenging.
Vi hadde eit for snevert syn på folkehelse, der psykisk helse vart nedprioritert då nedstengingane utover i pandemien vart gjorde. Særleg galdt dette for ungdomen, der mange vart utsette for lange periodar med lite motiverande heimeundervising og lite sosial omgang med vener. Framtidige studiar vil kunne fortelja meir om dette, men mykje tyder på at mange i desse ungdomskulla har opplevd eit monaleg læringstap – også blant studentane på universitet og høgskular.
Det burde vore gjort langt meir for å betra og førebyggja denne situasjonen – som at lærarane frå starten av vart prioriterte i vaksinekøen, leige av ekstra undervisingsrom og tilsetjing av vikarlærarar for å kunna dela opp klassane i fleire kohortar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.