Heile landet må ta ansvar

Publisert

Ungdomsvalden i Oslo er kanskje ikkje i absolutte tal så stor i omfang, men det er likevel eit alvorleg problem. Valden skaper stor mistrivsel og redsle, særleg i lokalmiljøa og på mange skular, men også elles i byen der gjengane måtte ferdast, og der folk er vitne til trugsmål og aggressiv framferd.

Difor er det skuffande at Oslo kommune, politiet og regjeringa ikkje har gjort meir for å få bukt med problemet. For problemet er ikkje nytt, og Oslo er ikkje ein så stor by at dette ikkje skal kunna løysast. Det er mange ting som no må gjerast samstundes. Her kan vi berre koma inn på ein liten flik av dette.

Ungdom med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i valdsstatistikkane. Det er få ungdomar det er tale om, men likevel eit faktum og stigmatiserande for det store fleirtalet av ungdomar med innvandrarbakgrunn i Oslo.

Mange av strakstiltaka må såleis rettast mot desse miljøa, og foreldra må involverast og ansvarleggjerast langt meir enn i dag. Det siste er ei utfordring, fordi særleg mange av innvandrarmødrene har låg arbeidsdeltaking, låg familieinntekt, svake norskkunnskapar og lite engasjement i fritidsaktivitetar for borna.

Samstundes bur dei i ein by med særs høge buutgifter, og dei har flest born og dermed minst buflate per familiemedlem, noko som gjer at mange unge gutar bruker mykje av fritida utanfor heimen.

For å bøta på dette må ein i tillegg til strakstiltak gå den langsiktige vegen med langt fleire fritidstilbod i innvandrarområda i Oslo, der skulen, foreldra og det sivile samfunnet må bidra meir enn i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement