Styret i Språkrådet gjekk tydeleg ut denne veka i Aftenposten og åtvara om den språkpolitiske situasjonen i Noreg og meiner at «den er blitt mer akutt på mange samfunnsområder».
Dei syner til at det vert stadig meir engelsk på kostnad av norsk i alle delar av samfunnet. At det er svake vilkår for nynorsken og endå svakare vilkår for urfolks- og minoritetsspråka våre. Og dei meiner at språkpolitiske verkemiddel manglar prioritet og ressursar.
Difor har dei bede om møte med den politiske leiinga i Kulturdepartementet. Med den noverande politiske leiinga har dei berre hatt eitt møte, for over eitt år sidan, då det handla om nedskjeringar i arbeidet til Språkrådet. Sidan har dei bede om fleire møte, men ikkje fått tilslag. No krev dei politisk dialog med kulturministeren, om ikkje trekkjer styret seg.
Bra! Slik skal det gjerast. Set makt bak krava. Når ein har teke på seg eit viktig samfunnsoppdrag og meiner at den norske språksituasjonen er alvorleg, må ein ty til slike verkemiddel. Det er deira fordømde plikt. Same dag brevet vart publisert, svara kulturministeren positiv på utspelet. Godt.
No bør målet vera å gje Språkrådet fleire maktmiddel. Ein får ikkje nok gjennomslag med eit oppdrag som berre gjeld rådgjeving og tilsyn. Ein god start er at Språkrådet får maktmiddel til å hindra bruk av engelske ord på institusjonar og selskap som er meir enn 50 prosent offentleg eigde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.