Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Gje Språkrådet meir makt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1911
20230217
1911
20230217

Styret i Språkrådet gjekk tydeleg ut denne veka i Aftenposten og åtvara om den språkpolitiske situasjonen i Noreg og meiner at «den er blitt mer akutt på mange samfunnsområder».

Dei syner til at det vert stadig meir engelsk på kostnad av norsk i alle delar av samfunnet. At det er svake vilkår for nynorsken og endå svakare vilkår for urfolks- og minoritetsspråka våre. Og dei meiner at språkpolitiske verkemiddel manglar prioritet og ressursar.

Difor har dei bede om møte med den politiske leiinga i Kulturdepartementet. Med den noverande politiske leiinga har dei berre hatt eitt møte, for over eitt år sidan, då det handla om nedskjeringar i arbeidet til Språkrådet. Sidan har dei bede om fleire møte, men ikkje fått tilslag. No krev dei politisk dialog med kulturministeren, om ikkje trekkjer styret seg.

Bra! Slik skal det gjerast. Set makt bak krava. Når ein har teke på seg eit viktig samfunnsoppdrag og meiner at den norske språksituasjonen er alvorleg, må ein ty til slike verkemiddel. Det er deira fordømde plikt. Same dag brevet vart publisert, svara kulturministeren positiv på utspelet. Godt.

No bør målet vera å gje Språkrådet fleire maktmiddel. Ein får ikkje nok gjennomslag med eit oppdrag som berre gjeld rådgjeving og tilsyn. Ein god start er at Språkrådet får maktmiddel til å hindra bruk av engelske ord på institusjonar og selskap som er meir enn 50 prosent offentleg eigde.

Som til dømes Oslo Science City. Ja, det er noko som heiter det. Medlemene er blant andre Oslo kommune, Universitetet i Oslo, Helse Sør-Aust og Oslo universitetssjukehus. Styreleiar er rektor ved Universitetet i Oslo Svein Stølen. Diverre er universitetsmiljøa altfor glade i engelsk og ikkje til å lita på i språkspørsmål. Dei to siste åra har Språkrådet prøvd å frå dei til å skifta namna, utan gjennomslag. Men i ei slik sak må Språkrådet kunne ha tydeleg makt og mynde.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis