JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Førebygging

mot vald

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1786
20180126
1786
20180126

Den svenske avisa Aftonbladet la denne veka fram urovekkjande tal om gjengkriminaliteten i Sverige. Dei siste sju åra er 131 menneske drepne og 520 skadde i skyteepisodar. Totalt har dei registrert 1500 skyteepisodar.

Og dette er berre tala for tre svenske byar: Malmö, Göteborg og Stockholm. Mange andre byar opplever òg mange drap og mykje vald frå gjengar. Dessutan er tala berre knytte til gjengkriminalitet, ikkje drap og vald generelt.

Politisjefen i Stockholm, Gunnar Appelgren, seier at tala er skremmande, at han ikkje ville ha trudd på ei slik utvikling for ti år sidan, men at utviklinga i andre land burde ha gjeve dei ein tydelegare peikepinn på kva som kunne koma til å skje – òg i Sverige. Han peikar på stor tilgang på våpen frå Balkan og at Sverige har fått ein ny generasjon unge kriminelle som «er lettkrenkte og som nyttar ekstrem vald».

Dei store innvandringsbydelane er overrepresenterte i gjengkriminalitetsstatistikken. Ein av grunnane til dette kan vera at flyktningane i Sverige kan busetja seg der dei vil, gjerne hjå slekt og vener, medan dei ventar på svar på om dei får asyl eller ikkje. Det har ført til større gettoutvikling i Sverige og dårlege butilhøve i desse bydelane, med høg arbeidsløyse og aukande fattigdom.

Noreg er i ein mykje betre situasjon enn Sverige, men vi må læra av Sverige og ta utfordringane dei slit med alvorleg. Difor må vi syta for nok ressursar til førebygging, slik at skule, sosialarbeidarar og politifolk har god nok kapasitet til å hindra ei uheldig utvikling. God førebygging krev tett kontakt og oppfølging av personar og miljø som kan gå i feil retning. Det er eit særs ressurskrevjande arbeid som kostar pengar, men som vi må prioritera. Fråvær av vald er eit umisteleg gode.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis