Leiar

Endeleg domedag?

Protesters take part in a demonstration under the slogan 'Stand with Iran – Stand for Freedom', in support of nationwide protests in Iran, at the Brandenburg Gate in Berlin, Germany, January 11, 2026. REUTERS/Lisi Niesner
11. januar var det demonstrasjonar i Berlin til støtte for protestane i Iran.
Publisert Sist oppdatert

Er domedagen komen for det iranske mulla-regimet? I årevis har revolusjonsgarden og Basij-militsen herja med innbyggjarane. Slik går det når islamistiske leiarar sit med makta og meiner at dei forsvarar Allahs vilje. Då er valdsbruk tydelegvis rettvis. Gjennom åra har unge jenter som ikkje vil gå med hijab, vorte banka opp, titusenvis av opposisjonelle har vorte torturerte og fengsla, og mange er avretta ved henging.

Det er ikkje råd å vita om demonstrasjonane og opprøret no kan enda med at regimet fell. Det er ikkje fyrste gong landet opplever store demonstrasjonar. Det skjedde seinast i 2014 og 2022. Men uhemma bruk av vald har gjort at regimet har halde på makta.

Men noko er nytt no. Omfanget. Demonstrasjonane er massive, med tusenvis av drepne. Og det er ikkje i overvegande studentar som demonstrerer, som i 2022. No er det eit breiare lag av folket som står opp mot regimet. Demonstrasjonane har spreidd seg til alle dei 31 provinsane i landet.

Kva gjer så USA, Vesten – og Noreg? For det er no det gjeld. Om nokre veker kan det vera for seint. Og om ikkje demonstrantane vinn fram denne gongen, kan det gå lang tid til neste opprør. USA trugar med bombing. Men kva skal dei bomba? Regjeringsbygningar, militæranlegg og kommandosentralar?

Bombinga av atomanlegga i fjor sommar har medverka til å svekkja truverdet til regimet blant innbyggjarane. Men ei bombing for å stø opp under demonstrasjonane er noko heilt anna. Særleg når det er tale om eit leiarlaust opprør.

Kva med å gå inn med soldatar? Då eig USA krigen og står ansvarleg for resultatet. Vi har altfor mange døme på at amerikanske militære intervensjonar har øydelagt meir enn dei har bygd opp. Ein slik invasjon vil heller ikkje skje, om ein i det heile skal tru på det Maga-rørsla og president Donald Trump står for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement