JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Eit spel for galleriet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1737
20230804
1737
20230804

Psykopatenes diktatur er ein klassikar av den norske psykoanalytikaren Ingjald Nissen. Boka kom ut i 1945 og handla om føresetnadene for at galningar fekk makta i Nazi-Tyskland. Stikkord er mindreverd, maktvilje, mannsforbund, og omgrepet «hersketeknikk» skriv seg frå den boka.

Me lekfolk i psykososiologien bør vara oss for å diagnostisera andre menneske og samfunn slik. Men me kan, om me vil, av di det er lov her i landet, kalla spadar for spadar. Me kan kalla koranbrennarar i Skandinavia og flaggbrennarar i Midtausten med eit folkeleg samlenamn: tullingar.

Slike kjem i mange former. Somme brenner altså bøker. Dei heimlege bokbrennarane brenner bøker av av di det er nokre andre der ute som lèt seg erta til vanvit av nett det.

Desse der ute svarar, som me veit, i beste fall, med å brenna flagg. Av di dei er tullingar, forstår dei kanskje ikkje kva ytringsfridom er, korleis han fungerer og kvifor det er ein god ting å ha. Dei ser kan hende ingen skilnad på nasjon og individ og ikkje kor grenser går mellom lov og tru og politikk.

Dei om det. Me andre må styra landa og folka våre slik det høver oss som bur her, sjølv når det kostar, som den svenske statsministeren sa på pressekonferansen om saka denne veka.

Det me absolutt ikkje må gjera, er å gje etter for ­tullingtyranni. Blasfemilover er gufs frå ei heksebrennartid som gudskjelov er over på våre kantar.

Å skjerma ambassadepersonell på beste vestkant mot synet av brennande bøker, som andre tilrår, er heller inga god løysing. Det er å flytta brann og brennarar til innvandrar­bydelar på austkanten der dei har nok å stri med.

Me andre, ikkje minst i pressa, må berre vera medvitne om at ingen brenner koranar for tomme tribunar.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis