Eit europeisk ansvar

Publisert

Situasjonen i migrant- og flyktningleirane i Hellas har lenge vore uakseptabel. Nesten 40.000 menneske bur no i sterkt overfylte leiar rundt om i landet. Hellas har for lenge sidan bede om hjelp, og FNs høgkommissær for flyktningar har oppfordra EU om å ta eit felles ansvar for å betre tilhøva.

Det einaste måten det no kan gjerast på i praksis, er at dei mest sårbare av dei som er i leirane, vert flytta til andre land. Hellas for sin del har teke meir enn kva ein kan forventa av byrdene.

No løyser ein ikkje verdas utfordringar med migrantar og flyktingar som bur i overfylte leiarar rundt om i verda, ved å henta nokre av dei til Noreg og land i EU. Og kvifor skal vi ikkje òg henta born og vaskelegstilte i andre leirar elles i verda?

Her kan ein argumentera med nærleiksprinsippet i etikken. Vi har i realiteten eit meir personleg ansvar for born i eigen familie enn borna til naboen. På same måte har vi eit meir konkret ansvar for folk som er i ein prekær situasjon i Europa enn i andre verdsdelar. Vi skal såleis ikkje godta at folk lever som dei gjer i de greske overfylte leirane månad etter månad innanfor våre eigne europeiske grenser.

Difor bør Noreg og resten av Europa ta ansvar – henta born ut av leirane, vurdera flyktningstatusen, senda dei som ikkje har rett på opphald tilbake til heimlandet, og la dei andre få vera her. Til dømes bør ein gjera det ein kan for å få sendt dei einslege mindreårige flyktningane til barneheimar i heimlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement