«På vegne av den norske stat vil jeg nå beklage overfor norske rom. Jeg beklager den rasistiske ekskluderingspolitikken som ble ført i tiårene både før og etter andre verdenskrig. Jeg beklager også de fatale følgene denne politikken fikk for norske rom under Holocaust», sa statsminister Erna Solberg i talen sin på Den internasjonale romdagen denne veka.
Talen til Solberg var presis, tydeleg og utan atterhald. Eit viktig fagleg og empirisk grunnlag for orsakinga er forskingsrapporten «Å bli dem kvit» som Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar kom med tidlegare i år.
I orsakinga synte statsministeren til den katastrofale sigøynarparagrafen frå 1927 som gjorde at norske rom med norske pass som måtte vera i utlandet, vart nekta å reisa tilbake til Noreg. 68 norske rom vart i 1934 stogga på den dansk-tyske grensa, med støtte frå norske styresmakter, og såleis overlatne til seg sjølve i eit Europa som vart stadig farlegare for dei. Mange enda opp som offer i tyske konsentrasjonsleirar under krigen. Tre norske romfamiliar vart nærast utsletta i Auschwitz-Birkenau.
Men trass i dette heldt norske styresmakter fram med å avvisa norske rom som framleis var i live etter 1945. Fyrst i 1956 vart «sigøynarparagrafen» oppheva, og heilt fram mot 1970-talet anerkjente ikkje Noreg norske rom som norske statsborgarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.