Ei stor bør for elevar og studentar

Publisert Sist oppdatert

Tiltaka mot pandemien i dei snart to åra som har gått, har vore ei stor byrde for skuleelevar og studentar. Ikkje minst på grunn av all heimeundervisinga og nedstenginga av skulane i kortare eller lengre periodar.

Heimeskule via PC-skjermen er eit særs dårleg alternativ for unge elevar og kan ikkje forsvarast over lengre tidsrom. For det er vanskeleg for mange tenåringar å motivera seg til å fylgja nettundervising dag etter dag.

Det er difor kritikkverdig at regjeringa ikkje har gjort meir i dei to åra pandemien har vart, for gje elevane eit betre skuletilbod under nedstengingane og innstrammingane. Sjølv når smittevernnivået var såkalla gult, opna regjeringa i fjor vinter for meir digital heimeopplæring.

Ein burde seinast våren 2020 vore langt meir kreativ, tilført skulane ressursar og lagt skikkelege planar med alle mogelege alternative løysingar for korleis skulane og universiteta kunne vera meir opne i den lange perioden med smitteutfordringar som vi visste stod framfor oss.

Ein kunne delt klassane opp i fleire grupper, leigd provisoriske lokale utanfor skulen og spreidd elevane rundt om i ulike små grupper. Ein kunne så leigd inn vikarar og ekstrahjelp og gjeve elevane eit tilbod utover den passive heimeundervisinga på nettet. Det skal så lite til for å betra situasjonen der elevane sit åleine framfor datamaskina.

Og det har ikkje mangla på klare åtvaringar. Seinast no rett før jul var Barneombodet tydeleg og kom med ei viktig oppmoding: «Tiltakene myndighetene har innført går igjen utover barn og unge. Jeg ber regjeringen, fylkeskommunene og kommunene om å snu alle steiner for at barn og unge kan være fysisk på skolen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement