Det er sterkt å lesa om trugsmåla og hetsen som ordføraren i Klepp, Ane Mari Braut Nese, og byråd Anna Elisa Tryti i Bergen har vore utsette for. Det er diverre ikkje overraskande. Byråd i Oslo Lan Marie Nguyen Berg, Sylvi Listhaug og mange andre politikarar har òg motteke grov hets.
Vi opplever ei forgifting av det offentlege ordskiftet som må takast alvorleg. Utfordringa er todelt: Konkrete trugsmål og krenkjande hets og rasisme må fylgjast opp av politiet.
Dei mange ufine kommentarane som kjem i sosiale medium og kommentarfelt i avisene, må møtast med streng redigering. For det er ikkje måte på kva harde ordelag mange nyttar når dei «diskuterer» på nettet.
Dette debattklimaet har vorte eit demokratisk problem. Tal får 2017 syner at 53 prosent av Facebook-brukarane held seg borte frå debattane på Facebook på grunn av den krasse tonen og dei nedsetjande kommentarane mot einskildpersonar. Og mange vegrar seg no for å delta i politisk arbeid.
Vi vert alle prega av ufin offentleg omtale. Ein kan bli sett ut av ein negativ notis. Difor må ein skjøna at å ytra seg offentleg fører med seg stort ansvar. Ein kan ikkje berre slengja ut kommentarar i hytt og vêr. Såleis må dei som har ansvar for ein offentleg konto på sosiale medium, ta nettopp det ansvaret og redigera bort upassande innlegg.
Mange av nettavisene har medverka til utglidinga og den stygge debattkulturen som pregar delar av sosiale medium. Altfor lenge fekk kommentarfelta driva på som ein eigen subkultur med innlegg som aldri ville ha kome på trykk i papiravisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.